F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


30 ÅRS JUBILEUM:  BALLADEN OM HÅLET  I DØRÅ


Arnt B, med kløver i knappholet, les frå "Balladen"
sommaren -85 i Lofthus, Hardanger, for forfattarspire
Ingri Lønnebotn og ein ikkje altfor begeistra
Olav H. Hauge. (begge til venste).

 

BALLADE-TRIVIA x 10:

1) Framsida på ”Balladen” er måla av Janne Stensland – som p. t. jobbar ved Stavanger Skolen.  

2)  ”Balladen” inneheld fem Bob Dylan-gjendiktingar, ein Paul Simon-song. Og eitt gjendikta James Joyce-dikt. Av dei resterande 52 dikta har 16 rim og fast rytme, dei er altså som visetekster å rekna.    

3) Opningsdiktet ”Te Hans Jæger i himmelen” blei brukt i Edvard Hoems kabaret  Bakom verda der månen skin, som hadde premiere på Det Norske Teateret  desember 1983. Det fekk melodi av  Einar ”Pastor’n” Iversen. Nils Sletta song.

4) Alle visetekstane i boka har fått melodiar, nokre har fått fleire. Fem finst på plate. ”Viså di” og ”Kom tebage” med Ryfylke, ”Hynsahus i hagen” med Vamp, ”Vie dagen min te solå” med Ryfylke og Aftenlandet. ”Blues for Anton D. 2” er spelt inn – noko omskriven med Vamp, i 1996, under tittelen ”Siste melding”. ”Vie dagen” og ”Hynsahus” er nok framleis to av dei tre mest populære birkesongane.  

5)  Den kjente visesongaren Stein Ove Berg hadde ”Vie dagen” med Bjørn Aslaksens melodi på repertoaret. Han ringte og spurde fint om lov.

6) Boka blei antatt av Samlaget ved sjefsredaktør Sverre Tusvik i eit brev datert 4. februar 1983. AB hadde ikkje publisert dikt nokon stad før Balladen.  

7) Då boka kom ut, september -83, var AB sivilarbeidar ved barnehagen på Fana Folkehøgskole, Store Milde.

8) AB las frå boka ved fleire høve, på fleire av dei tidlige opplesingane hadde han med seg Lars Erik Haugen på song og gitar og  Kjell Henriksen (frå Vestlandsfanden) på mandolin. Forfattaren sjølv las – noko nervøst og stotrande.    

9) AB blei intervjua i høve debutboka mellom anna av Stavanger Aftenblad, Dag og Tid og Dagen. Boka fekk mange meldingar, stort sett  positive. Særlig tok Dag og Tid godt imot boka. Stor takk skal 83-redaksjonen der ha!

10)  Boka hadde ei lita, men kjekk, rolle i ein episode av den populære TV-serien Vestavind ( sendt 1993 / 94); nemlig episoden som tar for seg EEC-året 1972. Ei av  Nedrebø-døtrene bur i kollektiv i Oslo. No vil ho reisa heim til Vestlandet att, Hippidraumen er slutt. Ho sorterer bøkene og platene sine,  før ho byrjar å pakka for heimreisa. ”Balladen” er den einaste boka ho held på ei tid, dvelar ved,  blar i. Det ser ut som ho tenker, denne boka har vore meg kjær i årevis, og den skal få  vera med meg vidare i livet.  Boka kom altså ut elleve år etter EEC avstemminga.    

 

DETTE SA DEI OM BALLADEN DEN GONG (1983/84):

1) ”Forfattarens styrke er ellers å finne i sjølve forfattarholdninga. Den er uhøgtideleg og avslappa på ein ærleg og tillitsfull måte, dvs. den ser ut til å vere bygd på erfaring og avklaring, og ikkje på eit eller anna obskurt ynskje om å verke beskjeden.” 
 
           (Frå konsulentfråsegna, konsulenten skal få vera anonym.)


2) ”Det fins ein musikalitet og ein letthet hos den blide Birkedal som kan føre til noko, og som fjernt speglar meister Obstfelder.”

           (Tor Obrestad i Stavanger Aftenblad)


3) ”Her er altså brått ein songar. Det er sjeldan ei samling som kjem får ein til å tenke på Heinrich Heine (”Im wunderschønen Monat Mai” osb.), Gustav Frøding (”Det var dans borti vågen” osb.) og den tradisjonen av perfeksjonistar som har blitt elska av så mange generasjonar i Norge.”

           (Helge Rykkja i Dag og Tid)


4) Lyrikaren spelar på alle strengane, eller snarare ville eg meine han brukte eit orkester med mange treblåsarar og messinginstrument. Stavanger blir uvilkårlig hovudstaden i landet, pluss at Stord og Fana og Myken (ligg i Helgeland) blir viktige livsstasjonar, stader ein ikkje kan koma utanom. Apropos Stavanger, i samband med Balladen om hålet i dørå må det opplagt bli ein kabaret på Rogaland Teater.  

           (Helge Rykkja i Dag og Tid)


5) Eg vil ikkje legge skjul på at Arnt Birkedal er noe bortimot svaret på mi bøn.

           (Helge Rykkja i Dag og Tid)


6) Det fremsto en poet, utsendt av Pan; hans navn er Arnt Birkedal.

           (Håvard Rem i Arken)


 7) Inn i det norske lauget av nærsynte, intellektuelle, matleie lyrikere, som fikler vantro og kritisk med sproget og utgir dikt fristende som seminaroppgaver – inn her kommer en sprogskaper. Med nok av høyt humør, labert humør, naivitet og viten om versetradisjoner, kan Balladen om hålet o dørå best karakteriseres ved at den gjør leseren god og varm.

          (Håvard Rem i Arken) 


8) Birkedal tror at leseren har en blomstring i hjertet, et himmelfjell i tankene, en sol minst i hvert øye, og humoristisk sans overhodet.

          (Håvard Rem i Arken)


9) Eg overdriv ikkje (så mykje) når eg seier at Balladen om hålet i dørå bergtok meg.

           (Jan Grytting i Fædrelandsvennen)

10) Ellers gir mannen av å være litt av en svirebror, i det minste forekommer mye suping og skitfull humor i diktene hans.  

           (Lasse Tømte i Arbeiderbladet)