F O R F A T T A R



";
Hent bilete";
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Oktobber 2018:

GLOPPEDALSURA

I Gloppedalen
der var det fest,
der drakk og tura dei,
fut som prest
som fant og hulder
og fugl og fe.
Eg kom for seint,
eg blei ikkje med.

Dei driv med goro
og sodomi,
samt hauk og due
i store fri,
dei spruta heimebrygg
på svære tre.
Eg rakk til haugen,
eg veit beskjed.

Dei selde eple
og pikekyss
og drakk til augene
gjekk i kryss
frå sola rann
til ho rann på ny.
Og hanen kremta
eit kyk’liky.

Eg skulle dit,
men kom aldri fram.
Ei stemme runga:
- Slik synd og skam!
No er det nok,
dei har fått sin tur!
Så rasa fjella
og blei ei ur.

Og hesten stivna,
og eg såg ned.
Eg var der – nesten,
eg veit beskjed.
Eg reid til næraste
skriftestol.
Og hanen nede
i gloppa gol.


Frå «Ormen i Vaulavika», Samlaget, 1993.

Sjå STARTSIDA