F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




Untitled Document Hynsahus
45 songar. 2004

   
Poeten er en sanger, en mann med sans for hverdagens storhet og fanger den i rim og rytme – eller frie linjer med indre liv.

(…) Dette er tekster som skal leses, synges, huskes, glemmes og hentes fram igjen. (…) Men viktigst i disse tekstene, er den varme vennligheten.

Tarald Aano i Stavanger Aftenblad

De kan bli jabbete.

Tarald Aano i Stavanger Aftenblad



Untitled Document INNHALD:

I (gamle)
Ølberg-strand 13
Bussjåfør-stubb 15
Hu sitte på trappå og ser 17
Bolla Konditori 18
Byen – fra sofaen 22
På heden 24
Jentene på landet 27
Fuglane vett 30
Siste liden 32
2000 på arbeidsplassen 35
Bag, bag 36
Meon Hill 38
Ekorn øve veien 40
Me seie god natt framfor trappå 42
Sirkus av lys 44
Skimrande rødt 46
Balladar langs veien 49
Sorgmunter blues 51

II (stavangerske)
Livet e langt 55
Bryggesjauar 57
Løvetann og skvallerkål 59
Skumringsreiå 61
Siste melding 63
Hytte-stubb 65
Lenger på landet 67
Gloppedalsurå 69
Morgendukkert 71
Morgen-yr 74
Glad’ i deg 75
Lungefisk-blues 77
Hu e alt 79
Englavakt og katt 82
Slutten, det slutte 84
Pylsebussen hjem 86
Bare ein lyserøde 89
Norgesglass 91

III (nye, norske)
Ein må ha vore der 97
Innful katt (Cash) 100
Her kjem den regnbogen att (Kristofferson) 103
Brua ved Knaresborough by (Simpson) 105
Biblå, biblå 106
Tarzan drog med Waziri-stammen 113
Glansa av jul 115
Det byrja med 117
Jente fødd på sundag 122

IV (smått og stort) 127

V (ekstranummer)
Hynsahus i hagen 135
Vie dagen min te solå 137
Ost 139

BAKSIDETEKST (AB):

Og jentå øve gadå
har hytta bag ein skog og bag et fjell
der gror kantarell,
med stien står ein hest hu må forbi.
På trappå står et norgesglass
med merr enn tretten humler i.

Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka Balladen om hålet i dørå og har til no gitt ut 20 bøker i ulike sjangrar for barn, ungdom og vaksne. Hausten 2004 er han òg ute med Is- og Donald-svingane, ei diktsamling for unge.



3 TEKSTAR:


BOLLA KONDITORI

Se, mi aller fyssta frøken
legge sirligt ner sin penn.
Og Hans P. – Paloma – Hansen
komme ganske snart igjen.
I den neste konge-drømmen
fyge Haakon straks forbi.
Og rundt kjernå slumre minner
om Bolla Konditori.

Og et dyr – et lide, vått et –
lag’ ein lange leie lyd.
I ein hage bag ein hage
stenge hundre tusenfryd.
Endelause sykkelstiar
går aleina nattestid.
Og rundt kjernå dorme minner
om Bolla Konditori.

Sitt’ ein ytre sirkel jenter
og e ureine te kvelds.
Der e stille kvide huser
så vår Herre alt har frelst.
Broremann må vaska moen
hist der Floden renne strid’,
og rundt kjernå sovne minner
om Bolla Konditori.

”Sjærlighed”, og dødsens tale
driv’ og sprer seg lenger ud.
På ei brygga står ei gudmor,
og u hoje vilt te Gud.
Der går grusgangar te dører
med kjerestar på si.
Og rundt kjernå sove minner
om Bolla Konditori.

Der e renningar så regnes
ifra siste EU-nei,
der de prise Hu så sørga
for det blei sånn så det blei.
Der e kjerrer med poteter
med grønne spirer i.
Og rundt kjernå slumre minner
om Bolla Konditori.

Fyssta frøknå mi fra skolen
dyppe sirligt splitt og penn.
Og Hans P. – Paloma – Hansen
har alt komt og gått igjen.
Når ein gammal kjenning minne
om at timen e blitt ni.
Og rundt kjernå døse minner
om Bolla Konditori.

Der e landsbyar i randå
der profeter finne hjem.
Tanter sitte høgt på gjerder,
seie: Så, så. Opp igjen!
Seie: Kom, så ska me blåsa,
skitt la gå og vannari.
Og rundt kjernå våkne minner
om Bolla Konditori.
(sidene 18 – 21)


PYLSEBUSSEN HJEM

Så ei nått når månen helle,
ja, og torjet ligge klart
i et bad av reine skodda,
komme eg, så kjekt og snart,
har plassert min siste dalar,
har parkert min beste klem,
har latt siste drosjen fara,
tar eg pylsebussen hjem.

Pissesmauet står og glibe,
vågen ligge svært så blikk,
dolla dokker, barka kattar
passe hjørna og butikk,
med ein Beatles-sang i hovet –
kan kje nynna Eminem –
styr’ eg mod den gilda lugå,
tar eg pylsebussen hjem.

Alt e lukt og bare bare,
steigte løg og såre vel,
verdå står te øve påske,
eg tar morning, eg tar kveld,
med tri plader unna armen,
e det singlar, har eg fem,
glømm’ eg siste paraplyen
og tar pylsebussen hjem.

Skimt’ eg hu så sang den fysste,
se, hu smile, vinke blidt,
fysst så tenke eg ka fager,
og så tenke eg at skitt,
og bjynne gå den fagre stien
bagom stuå, gud vett kem
d’e så berte lunt, eg neie
og tar pylsebussen hjem.

Ser eg Ullandhaug og Tuå,
ser eg gamle Hafrsfjord,
der den saganåttå senkte
vide drømmar på mi jord,
ja, ser heila ganska landet
åbna dagen, tura frem,
ifra siste svimle svingen,
ifra pylsebussen hjem.

Så ei nått når byen dorme,
torjet kvile reint og tomt,
mesten alt e liga løye,
mesten alt e liga dumt,
får eg dinglebein, fantomsprell,
det klør og krible i kvert lem,
legg’ eg Slakthuskaien bag meg,
tar eg pylsebussen hjem.

(sidene 86 – 88)



JENTE FØDD PÅ SUNDAG
(til Akosua)

Jente fødd på sundag,
himmelen er blå.
Høgrehæren bremsar,
fattigfolk får råd.
Toget finn stasjonen,
tutar, skal straks gå.
Jente fødd på sundag,
himmelen står på.

Jente fødd på sundag,
himmelen er gul.
Heile koloniar
hagar ligg i skjul.
Ein vakker sommarmorgon,
sjøen klukkar smul,
svingar du inn porten
på snille, stille hjul.

Jente fødd på sundag,
himmelen er vid.
Opne skolar, gardar
til å stå og henga i.
Det er lov å bruka fasit
heilt til store fri.
Jente fødd på sundag,
himmelen har tid.

Jente fødd på sundag,
himmelen er snar.
Leik går alt i fortid:
Me kom, me såg, me var –
cowboy, indianar,
prest og mor og far.
Smak du bare steiken,
himmelen er klar.

Jente fødd på sundag,
himmelen er fiks.
Du kan dra på polferd,
rafta elva Styx.
Gå deg vill i NT,
snubla midt i Blix.
Festa utpå Tasta,
ringa utanriks.

Heilt frå Carolina,
himmelen er lun.
Gå langs hekken bjørnebær,
så kjem du til eit tun.
Har du klar ein valentin
til Sniff – og Baltus Brun,
skal du sjå det flaskar seg
med terte og kalkun.

Jente fødd på sundag,
himmelen er ny.
Like borti høgget
glitrar Svithun By.
Skin med Ajax-pussen,
som gir den glans og ry.
Samla glimt og stunder
til ein knall revy.

Jente fødd på sundag,
himmelen er mild.
Landet som låg aude,
får ein sjanse til.
Hava lens for olje
vartar opp med sild.
Høgrefolka flagrar,
dei flaggar dit dei vil.

Jente fødd på sundag,
himmelen er rød,
ferjer ferjer fjorden
med kjærleik, smør og brød.
Sov du fast så lenge
draumar står i kø.
Så: Kom an då, ketchup!
Kom an, sennepsfrø!

Jente fødd på sundag,
himmelen er svær.
Likefram og håplaus,
vanskelig og skvær.
Ver du bare open,
alltid ny og nær.
Himmelen er Tjensvoll,
Madla. Like her.

(sidene 122 – 126)