F O R F A T T A R



";
Hent bilete
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  

Ein forfattar skriv bøker.
Her er dei.

For kvar bok er innhaldet og to meldingar tatt med.
Du finn óg dikt og tekstutdrag her.

Bøkene er gitt ut på Samlaget og Wigestrand




REINT SPORSTLIG
Roman, 2012

   

"Eg berre diggar desse bøkene hans Birkedal. (…) Dette er som vanleg for forfattaren ei overdådig bok, med masse innfall og utfall, og med høg intensitet på grensa til det heilt febrile. Kunne boka ha vore meir strukturert og disiplinert, kunne noko ha vore kutta ut? (Kva då liksom?) (…) Om ungdomane vil lika ho? Viss ikkje er det vel verst for dei! "

- Eli Frisvold, Elis Lesebabbel

"Boka fungerer stort sett greitt nok, den, innanfor sine eigne lune ribbe- og pinnekjøtvegger. "

- Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad


INNHALD

  1. 1. Landsbyar i hjartet side 9
  1. 2. Draumesentralen side 18
  1. 3. Ein døyande jærbu side 24
  1. 4. Idrettens verd side 32
  1. 5. Siste tog til Jæren side 58
  1. 6. Ah, Jæren side 89
  1. 7. Løynde vegar side 113
  1. 8. Nodland i Heia side 127
  1. 9. Konfigurering, oppdateringar side 142
  1. 10. Reint sportslig side 149

 

 

BAKSIDETEKST:

«Reint sportslig» er andre boka om Vaskehjelpa. Den første var sjølvsagt «La stå!!» frå 2011. No tar Vaskehelpa toget til Jæren. For å finna ho Ragnhild. Og kanskje, i same slengen, idrettens verd.

Kan dette vera idrettens verd? tenker ho. Er det her denne idrettsverda byrjar? Ho såg ikkje gjerda rundt ein gong. Kom ho bare plutselig innanfor? Det kan nesten verka slik.

 

TO SIDER:

Ho duppar, ho kvepp, og vaknar nett i den blinken toget fer forbi huset til den snurte, gamle gutevennen hennar, han Marthon, Smøre-Marthon, som dei kalla han. Han har lagt seg til på sofaen. Kona har for lengst gått ifrå han; ho søv i eit anna rom, i ein annan fløy av huset. Dei snart vaksne ungane smett og slenger stadig vekk ut av stove- og terrasse- døra med siste resten av lommepengane hans.

Vaskehjelpa synest ho formelig høyrer han synga når toget drar forbi denne opplyste stova:

 

Eg brukte vera grepa kar,

eg sleit på selters-pallar,

med mage som eit vaskebrett

og strame rumpeballar.

Eg sjaua mellom kai og kai,

eg sprang og sprengde skallar.

Dei sa at eg var prins og bas,

Med strame rumpeballar.

***

Våren var på god veg, minnest Vaskehjelpa. Den sprengde seg fram. Med lukter av rogn og av krekling. Rundt alle dei hyttene på fjellet. Eimen av våte, straks soltørka saueperler, etterlatne av heilårsbeitande sau, møtte angen av friskt, piplande smeltevatn. Lukta av dei tjærebreidde hytteveggane gjorde òg sitt. Gjorde susen.

Ho måtte, måtte, måtte bare straks og med éin gong få tak i og grep om desse faste, gode rumpeballane hans Marthon, Smøre-Marthon, som dei kalla han, fordi han var så flink med skismøringa. Kvar morgon når dei skulle ut på tur, fann han fram til den heilt rette.

Og, gud, kunne han stå på ski! Medan dei seks andre bare daffa seint bortetter sletta, med knickersknuteklumpane slepande i snøen, sette han Smøre-Marthon utfor dei brattaste fjellsider.

Ho høyrer formelig han held fram med å synga lenge etter at toget har reist forbi.

 

Dei kalla meg for rabbagast,

for villmann og for rallar,

då eg sette utfor kvite heng

med faste rumpeballar.

No ser eg ski- og skeiselaup

heilt til eg bysselallar,

no drikk eg øl og spring på do

kvar gong naturen kallar.

Men gode, faste rumpeballar, det hadde du. Det skal du ha. Og ein god, raud nakke. Den gongen du var ung og snurt. Og eg og du og heile vide verda vår var ukyssa.

 

(Sidene 82 – 84)