F O R F A T T A R



";
Hent bilete";
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

I 2005 gav sjefsredaktør Guri Vesaas i Det Norske Samlaget meg ein bunke Løland-tekstar og spurde pent om eg ville gå gjennom dei og ”modernisera” språket med tanke på utgjevingar på Samlaget i jubileumsåret 2007 (jubileet: 100 år sidan Løland gjekk bort). Tre bøker skulle det visa seg å bli av dette: Samlinga Gutar, biletboka Kvitebjørnen og Kor vart det av jula.

(…)

Eg skreiv meg gjennom tekstane fleire gonger og dvelte så lenge inni dei at eg følte eg var der, i Løland-land, med heile meg. Eg kjende vinden i håret. Då eg kom til Løland-garden ved Hylsfjorden sommaren 2007, for å få med meg den offisielle opninga av Løland-markeringa, fekk eg eit slikt déjà vu, dei kallar.

(…)

Å oppdaga Rasmus Løland er mi største litterære aha-oppleving sidan eg var ung og svolten på ny norsk litteratur – og oppdaga Vold, Nyquist, Gunnar Lunde, Eldrid Lunden, Dag Solstad, Einar Økland og dei.

AB i ”Draum og tullskap”, 2011

 

AV LØLAND:

OM LØLAND:

Klikk på ei bok!
Kvitebjørnen, Rasmus LølandGutar, Rasmus Løland Kor vart det av jula? Rasmus Løland

Draum og tullskap

Draum og tullskap
Festskrift til Rasmus Løland 150 år
Selja forlag, 2011

Arnt Birkedal har skrive essayet

”Sant og ærlegt”, sidene 23 – 37.
Her er nokre avsnitt frå side 33:

”Viss det er sant, som eg trur det er, at Løland er far til moderne norsk b-/u-litteratur, er det fordi han skreiv utifrå ein alltid like levande barndom inni seg. Ein barndom me, ungane, kan kjenna oss att i, dikta oss inn i, der me kan la oss riva med.
    Det er vel blitt ein klisjé at me har ”alle aldrar i oss”. Men eg trur no det er sant. Den viktigaste av desse aldrane er barndommen. Den breier seg ut i hugen vår til siste slutt. Og medan dei andre, vaksne, aldrane krympar inn til stutte bolkar, blir knaggar å henga viktige saker og minne på, ballar barndommen berre på seg. Me utforskar den vidare kvar natt når me drøymer, me mytologiserar den.
    Slitsamt kan det vera, ja visst, å halda dei opne, dei hagane, den løkka, det kvartalet, den ferien. Og leita vidare under gamle steinar, bakom nye, gamle hundehus. Men viss det er b-/u-skrivar ein vil vera, så trur eg det må til. Og fell det ikkje naturleg for ein, bør ein kanskje satsa på noko anna. Eg trur ikkje barndommen i ein kan brytast opp med makt. Men finn ein først vegen inn dit att, har ein stoff så det rekk.
    Eg trur skriving av b-/u-litteratur har meir å gjera med sinnelag enn med sjanger, sjangerreglar og målgruppe.”