F O R F A T T A R



       © 2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida


Untitled Document PÅ VEI TE BUTIKKEN

frå Adle de trøtte hestane, 1985,
på CD med Vamp, 2000.


eg våkne ein morning, det e så det må

ein kan ikkje sova for evigt

eg mød’opp på posten for litt bere råd

og får ei sjel fra i går vedd på brevvekt

eg prøve spasera og strekka litt ud

men velge å hoppa på trikken

det e enkelt å fylga samtlige bud

her på min vei te butikken


det e midten på dagen, då spise ein mad

fortrinnsvis skjer det på kjykken

ein kjenning eg har inntar maden i bad

og hevde å ha funne lykken

de lure kje meg, eg vett at ei ku

e ein okse med unntag av pikken

og at det samla tal dager i ugå e sju

og at eg e på min vei te butikken


i drømmane fikse eg sveva og fly

høgt øve de høgaste huså

eg kan drikka ein innsjø, heilt uden å spy

og entra et selskab i truså

mon de gifte e gifte i drømmane òg

eller vie seg te lega tikken

mon me kan pradast ud uden at der bler bråg

her på vår vei te butikken


folk e kje lige – et stykke på vei

sånn cirkus te to flasker rødvin

i går va eg tri timar med håven blei

og tri timar udrangla sløving

i nesta liv eller det itte det

ska eg finn’ud av heile teknikken

imens får me pradast og det så må te

her på vår vei te butikken

Songen / diktet er svært typisk for det eg skreiv rundt 1983 – 85, då boka Adle de trøtte
hestane blei til. Denne er skriven i Haugesund i –84. (Nei, eg veit, det er ikkje trikkar i
Haugesund, men må ein rima, så må ein.) Det låg ein delikatessebutikk like borti
svingen for ”Søsterhjemmet”, Rogalandsgata, der eg budde. Eg har sikkert byrja på
den, og skrive det meste, på veg bort dit for å kjøpa fiskekaker eller noko. Øyvind Staveland, som eg var på prat med allereie den gongen, klarte å blåsa liv i denne i 2000. Ja, han lever seg slik inn i den, at den i alle fall er blitt ein av mine Vamp-favorittar. Herlig slentrande, trist, faenivoldsk.