F O R F A T T A R  



";
Hent bilete";
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

Oktober 2020:


BIBELEN, FILMEN 

1. 
I 1966 laga John Huston storfilmen Bibelen. Den varar i mest fire timar. (Og er 
klår og rein, ein kan sjå langt bak i bakgrunnen.) Men han kjem aldri lenger enn 
til side 21 i min Bibel - som har 1400 av dei, minst. Bibelen 2, 3, 4, 17 og 64 blei 
aldri noko av. Det blei nok for dyrt, og John Huston døydde. Så dei må me laga 
sjølve, etter våre eigne hovud. Sei like før me skal til å vakna inn, søndagen,    
    (Det mest spanande fekk han jo ikkje med heller. Då måtte ein sjå bakom 
åssida.) 

2.
Det tok månader bare å byggja opp dei svarte ruinane etter Sodoma - Gomorra. 
Kvinneandletet i stein. Få spreidd alle hovudskallane. 
     Dei måtte skyta i timevis for å få slangen til å komma slik vislande ut gjennom
daudingauget nettopp då. 

 

(Henta frå "Øya bortanfor den til King Kong", 1995)