Ny biletbok

"SENNEPSFRØ - natt til idrettsdag"
av Arnt Birkedal (tekst) og Inger Lise Belsvik (ill.)
Ute no, november 2021, på www.wigestrand.no

Alvhild Aske gruer seg fælt til den årlege idrettsdagen. I denne boka kan du lesa og sjå kva ho drøymer natta før.

(Målgruppe: 8 til 88...)

No flyg dei over klassekrinsane, ho Alvhild og hegren. Over slagmark og jammerdal. Folk nede på sletta oiar og akkar seg. Dei går i lange rekker. Rekkene blir rotete, dei løyser seg opp. Folk flyktar, dei spring. Vekk frå idretten sin mørke skugge.

- Spring mot åsen! ropar somme.
- Kva for ein ås?
- Åsen med kyrkja på!